Hopp til innhold

Folk flokkar til lensmannskontora

KRAGERØ (NRK): Fleire større politistasjonar har lang ventetid for å få pass, men på nokre av dei mindre lensmannskontora kan ein framleis få pass berre ved å møte opp. No merkar dei trykket frå desperate nordmenn som skal på ferie.

Passkø kragerø

MYKJE FOLK: Lensmannskontoret i Kragerø opplevde at det kom mange folk som trengde pass.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Eg visste jo at eg måtte fornye passa i år, men eg hadde aldri trudd at det skulle vere så lang ventetid, seier Christian Baardseth.

Han og dottera Elisabeth er ein av mange som har teke turen til Kragerø i dag, for å skaffe pass til sommarferien.

Christian Baardseth

SJOKKA: Christian Baardseth hadde aldri trudd at ventetida for pass skulle vere opp mot ein månad.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Mange stader må du no vente i fleire veker berre for å få time til å bestille pass.

– Me fekk beskjed om at me kunne kome å bestille pass den 19. juni, og me reiser på ferie den 18. juni.

På fleire små politistasjonar og lensmannskontor, slik som i Kragerø, kan du derimot berre stikke innom på drop-in-time.

No kjenner dei også på straumen av folk som treng pass.

– Me har hatt like mange folk her den siste timen, som me vanlegvis har på ein heil dag, seier politistasjonssjef i Kragerø, Øystein Skotmyr.

Folk kjem frå heile austlandsområdet for å skaffe pass.

– Me har fleire som køyrer heilt hit til Kragerø frå Oslo for å hente pass. For så å setje seg i bilen å køyre heim, seier Skotmyr.

Øystein Skotmyr, politistasjonssjef i Kragerø

PASS: Politistasjonssjef i Kragerø, Øystein Skotmyr, er glad for å kunne vere til hjelp for dei som treng pass.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Travel sesong

Det er nemleg i dei store byane ventetida er lang. I Oslo må ein fort vente nærmare ein månad for å få bestille pass.

– Me skulle sjølvsagt ønske me hadde eit betre tilbod, men me fekk ikkje til noko i år. Me må satse på at me får auka kapasiteten neste sesong, seier visepolitimeister ved Oslo politidistrikt, Bjørn Vandvik.

Etterspørselen etter pass er sesongbasert, og det er difor ein no slit med tilbodet.

– Det kjem veldig mange menneske i forhold til den normale bemanninga vår, noko som skapar utfordringar, seier Vandvik.

Skotmyr ved Kragerø politistasjon tykkjer det er synd at ventetida har vorte så stor fleire stader i landet. Han håpar at deira tilbod kan avlaste andre stasjonar litt. Førebels går det fint.

– Det er klart at me får ei utfordring når så mange vil ha pass, men førebels går det fint sidan folk kjem i ein jamn straum, seier Skotmyr.

PASS
Foto: Berit Heggholmen / NRK