Hopp til innhold

Folk godtek bompengane når bommen fyrst er på plass

GVARV (NRK): Den tradisjonsrike kafeen førebudde seg på færre kundar då bommen kom, men etter berre få veker var det nesten som om ingenting hadde hendt. – Typisk mønster, seier Transportøkonomisk institutt.

Bom på rv 36 Nome

KOM TILBAKE: Bilistane skygga unna riksveg 36 på Ulefoss etter at bommen kom i fjor, men etter berre nokre veker kom dei tilbake.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

– Eg trur folk har godteke at det er bomveg her no. Det er ikkje så mange som pratar om det lenger, seier Gunnar Ingelstad.

Han har drive populære Årnes kafeteria mellom Gvarv og Ulefoss i Telemark i 40 år. I fjor kom bommen som skal finansiere opprustinga av den viktige pendlarruta riksveg 36, som er kafeteriaens livsnerve.

Den lokale motstanden var fyrst stor mot bommen, og mange starta å køyre omvegar for å sleppe å passere.

– Dei fyrste 5-6 vekene var det merkbart færre gjester her. Spesielt på føremiddagen og ettermiddagen, seier Ingelstad.

Ifylgje lokalavisa Kanalen var det også fleire som forsøkte å køyre så sakte at kameraet ikkje skulle registrere passeringa – vel å merke utan at dei lukkast med det.

Gunnar Ingelstad

Gunnar Ingelstad ved Årnes kafeteria seier han aldri var uroleg for å miste kundar då bommen kom.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Folk vel bomvegen

Men etter nokre veker var det nesten som om ingenting hadde hendt. Trafikken tok seg opp att.

For 28 kroner kvar veg valde folk no den breiare og rettare vegen med nye tunnelar og gang- og sykkelsti.

Faktisk brukar langt fleire bilistar vegen mellom Gvarv og Ulefoss no enn det ein hadde rekna med på førehand.

Bompengeselskapet Vegfinans hadde kalkulert med 3085 passeringar i døgnet. Fyrste kvartal i år var talet 3400.

Bom på rv 36 Nome
Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Fortare enn planlagt

Det er slik det ofte er, seier Kjell Werner Johansen, assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt.

– For fleirtalet av prosjekt dei siste ti åra blir bompengane fortare betalt ned enn det ein forventa då ein vedtok prosjektet, seier Johansen.

Det finst ikkje mykje forsking på folks haldningar til bompengeprosjekt utanfor sentrale strøk.

– Men studiar frå bompengepakkene i dei store byane viser at folk venner seg til det og aksepterer bompengane etter kvart, seier trafikkforskaren.

Kjell Werner Johanen

Kjell Werner Johansen i Transportøkonomisk institutt seier bompengeprosjekta ofte har litt pessimistiske forventningar til trafikken på bomvegane.

Foto: Olav Juven / NRK

Unntak i Gudbrandsdalen

Johansen viser mellom anna til spørjeundersøkingar som er gjennomførte i Oslo-området sidan 80-talet. Dei viser at aksepten for å betale bompengar aukar jamt og trutt – heilt til det kjem ei endring der ein må betale meir.

Då aukar motstanden, før aksepten sakte men sikkert tek seg opp att. Og slik held det fram.

Unntaket er strekningar der det finst brukbare alternativ og ein ikkje sparer spesielt mykje tid på å velje den vegen som kostar noko. Johansen nemner dømet med nye E6 i Gudbrandsdalen.

– Der kostar det rundt ein hundrings å køyre ei strekning på tre mil. Då vel mange den gamle vegen, seier han.

Trekkjer frå bompengane

Tilbake på Årnes kikkar Gunnar på kafeteriaen nøgd rundt seg. Sjølv midt på dagen ein vanleg kvardag er det mykje trafikk og mange parkerte bilar på plassen utanfor. Kundane uteblei ikkje lenge då bommen kom opp i fjor.

– Omsetninga vår har auka etter at bommen kom. Særleg er bompengetilbodet populært, seier Gunnar på kafeteriaen.

Han er nemleg ingen tilhengjar av bompengar sjølv, og trekkjer difor av dei 28 kronene for bommen på ein av rettane på menyen kvar dag.

– Det skal me halde på med så lenge bommen står, forsikrar han.

Så vil tida vise om bommen blir borte før dei planlagde 15 åra har gått.

Gunnar Ingelstad, Årnes kafeteria

Gunnar Ingelstad er ikkje særleg glad i bompengar, og trekkjer frå dei 28 bomkronene på dagens kalvesteik.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK