NRK Meny
Normal

Se live: Odd leder 4-0 mot Notodden

Det er duka for eit realt Telemarks-oppgjer mellom Notodden og Odd i 3. runde i cupen på onsdag. Odd leder 4-0, følg resten av kampen live her.

Se kampen direkte her!

Det er venta fullt trøkk når Notodden tar mot storebror Odd i tredje runde i Norgesmeisterskapen i fotball førstkomande onsdag den 4. juni klokka 18.

Cup er cup, som det velkjente slagordet seier, kan det vere duka for ein liten skrell?

Følg kampen live her frå klokka 18 onsdag!

Gler seg til kamp

For Morten Fevang som spelar for Notodden blir dette ein litt spesiell kamp når han nå skal møte arbeidsgivaren sin, Odds Ballklubb.

– Det blir spesielt å møte eit lag du har spela på i så mange år, seier den tidlegare Odd-kapteinen.

Fevang innrømmer det blir litt rart å møte gamleklubben den 4. juni.

– Men eg gler meg eg, seier han.

Morten Fevang jobbar nå til dagleg i administrasjonen hos Odds Ballklubb i Skien. Men han fortset sin aktive fotballkarriere i Notodden Fotballklubb.

– Vinnar vi så er det gøy, og vinnar Odd så er vi med uansett. Eg seier vi for eg jobbar jo i Odd, seier Fevang.

I utgangspunktet trur han det blir vanskeleg for Notodden å kome seg vidare frå 3. runde.

– Vi skal gjere eit forsøk, og gjere det vanskeleg for Odd, i alle fall, seier Fevang.

(Artikkelen held fram under bilete)

Morten Fevang

Morten Fevang skal møte arbeidsgivaren sin Odd i 3. runde i cupen. Nå spelar han for Notodden Fotballklubb.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Skal gjere sitt beste

På Notodden drøymer mange om at Morten Fevang skårar det avgjerande målet, og at cupbomba kjem frå Notodden. For Fevang er det kamp uansett kven motstandaren er.

– Då gjer eg mitt beste, men det blir tøft mot eit Odd-lag som er i bra slag. Så eg trur ikkje eg skal tenke på at eg skal bli ein avgjerande faktor den eine eller den andre vegen, seier Fevang.

– Kan du med din kunnskap få vektskåla til å vippe i Notodden sin favør?

– Eg kjem ikkje til å følge ekstra godt med på treningane til Odd nå. Dessutan kjenner laga kvarandre godt. Eg trur det blir viktig for Notodden å spele sitt spel, så får vi sjå kor lenge det rekk. Ein veit jo aldri, seier Fevang.

Han innrømmer at det blir litt rart å møte gamle lagkameratar, og håpar han ikkje kjem i skade for å slå for mange feilpasningar til gamleklubben.

Blir utruleg moro å møte Odd

Kenneth Dokken, Notodden Fotball

Kenneth Dokken vil motivere spelarane til å gjere sitt beste.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Det er eit ungt Notodden lag som møter eliteserielaget Odd. Trenar Kenneth Dokken seier at det blir viktig for laget å ha ein god dag om dei skal ha håp om eit avansement.

– Vi må ha eit høgt nivå spelemessig, og gle oss til kampen, seier Dokken.

Han håpar det kan bli ein underhaldande kamp på Notodden.

– Det viktigaste er at vi spelar opp mot vårt beste.

Dokken seier det blir utruleg moro å møte Odd, og seier at cupen er den sjansen lag i 2. divisjon har til å møte eliteserielag i kampar som betyr noko.

Dokken seier at kampen blir ein stor sportsleg utfordring for spelarane.

– Vi har alt å vinne, og dette blir truleg ein kamp spelarane kjem til å hugse resten av livet.

  • Glatte veger

    I Agderfylkene og Telemark er det nå stedvis glatt på vegene som følge av underkjølt regn, ifølge Statens vegvesen. Spesielt i indre strøk og de mindre vegene er det vanskelige kjøreforhold. Mannskaper er ute og salter og strør.