Hopp til innhold

Føler seg nedvurderte fordi dei er russ

BØ (NRK): – Om vi ikkje var russ, ville vi blitt tekne meir på alvor, seier ungdommane som var med i bilen som krasja inn i ein butikk på Nordagutu i helga.

Russ frå ulykka på Nordagutu

MYKJE MERKSEMD FORDI DEI ER RUSS: – Alle kan hamne i ei bilulykke, og det har blitt ufortent mykje merksemd fordi vi er russ, meiner Kristian Skogrand Kigen, Janne Haugland, Martin Sauar Wad, Kasper Hogstad Sveinsson og Lyder Svalastog Osland.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Det aller fyrste eg tenkte, var at eg håpar eg ikkje døyr, seier Janne Haugland.

Det vart ein dramatisk tur for henne og dei fem andre som krasja inn i ein butikk på Nordagutu tidleg laurdagsmorgon. Fem av dei seks brukte sikkerheitsbelte, og kom heldigvis kom frå det med mindre skadar.

– Det var skaresnø i botnen av den bratte skråninga som redda bilen frå å velte og fly sidelengs inn i jokerbutikken. Så det var vanvitig heldig, seier Kristian Skogrand Kigen.

Russebil kjørte inn i Joker-butikk på Nordagutu

MØTTE VEGGEN: Russebilen køyrde ned ei lita skråning og rett inn i Joker-butikken på Nordagutu.

Foto: Theo Aasland Valen

Overdramatisert fordi vi er russ

Ungdommane meiner det er tilfeldig at det gjekk så bra som det gjorde, da sjåføren sovna og køyrde ut. Samtidig meiner dei at bilulykker kan skje alle, og at det har blitt ufortent mykje merksemd rundt at dei er russ.

Kasper Sveinsson trur situasjonen ville blitt teken meir på alvor dersom den same ulykka hadde skjedd med nokon andre.

– Eg trur ikkje media ville hatt det same fokuset dersom det for eksempel var eit handballag som hadde krasja, seier han.

Martin Sauar Wad meiner det raskt vart spreidd eit inntrykk av at russen hadde gått på nok ein smell, og at dei var med på å øydeleggje russen sitt rykte.

– Har russen fått eit ufortent dårleg rykte?

– Nei, det er ikkje heilt uforståeleg. Men om det er i den grad som media seier det er, veit eg ikkje om er heilt sant, seier Lyder Svalastog Osland, som sjølv er russ fyrst neste år.

Ungdommar frå bilulykka i Nordagutu april 2018

BETRE ENN SITT RYKTE: Ungdom og russ køyrer meir trafikksikkert nå enn før.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Ungdom betre i trafikken

Blant politifolk har russen eit betre rykte enn før. Øystein Krogstad, distriktsleiar i utrykkingspolitiet, seier at det har skjedd ei haldningsendring blant ungdommen.

– Dei døyr mindre i trafikken og dei blir tekne færre gonger for råkøyring, så dei er blitt betre i trafikken.

– Kva er grunnen til det?

– Dei blir kanskje tuta full med mykje førehandsinformasjon om kor farleg det er å køyre, også tek dei det ad notam. Ungdom tek også førarkortet litt seinare, og da blir dei meir vaksne i hovudet.

Øystein Krogstad

IKKJE NERVØS FOR RUSSETIDA: – Eg er ikkje bekymra eller nervøs for russesesongen. Men vi i UP er ekstra på vakt, og kjem til å vera til stades når russen skal ut på tur. Det viktigaste er at alle kjem trygt fram, seier Øystein Krogstad i UP.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Set preg på feiringa

Elevane frå Bø vidaregåande skule seier at ulykka kjem til å prege russefeiringa, men mest på ein positivt måte.

– Vi kjem til å vera forsiktige, og ta ekstra omsyn til sikkerheita, spesielt når vi køyrer, seier Kristian Skogrand Kigen.

Janne Haugland seier ho kjem til å vera svært oppteken av å ha på seg setebelte i bilen.

– Og buksa mi er klipt opp, så eg må jo få nye bukser før eg kan halde fram russefeiringa.

Russ frå ulykka på Nordagutu

GLER SEG TIL RUSSEFEIRING: Men russen på Bø vidaregåande skule kjem til å vera ekstra nøye med sikkerheita.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark