Hopp til innhold

Offshore-pendlarane fortvilar: - Dyrare reiser og mindre fritid

SKIEN (NRK): – Dyrare reiser og mindre kvalitetstid saman med familien. Det blir resultatet dersom passasjertrafikken på Skien Lufthamn Geiteryggen landar for godt.

Trond Jacobsen og Trym Olsen.

Politikarane må trø til for å sikre vidare drift på Skien Lufthamn, geiteryggen, seier pendlarane Trond Jacobsen (t.v.) og Trym Olsen.

Foto: Johs Apold / NRK

Trond Jacobsen og Trym Olsen vekependlar mellom Grenland og Vestlandet. Det same gjer meir enn 1300 offshorearbeidarar frå Grenland. Tek me med alle i regionen som vekependlar til Vestlandet, er talet godt over 2000. No kjenner pendlarane seg overkøyrde av samferdslestatsråd Ketil Solvik-Olsen.

– Fleire tusen vekependlarar mister arbeidsvegen dersom departementet står fast på avgjersla om å kutte statstilskotet til Skien lufthamn, seier Trond Jacobsen og Trym Olsen, som sundag kveld inviterte pressa til eit møte på flyplassen.

Statstilskot kan skaffe nytt selskap

– Ei sak er at Widerøe legg ned rutene sine frå den 28. juni. Men utan statstilskot blir det uråd for flyplassen å få inn nye selskap.

– Men det tar mindre enn ein time å reise til Sandefjord Lufthamn, Torp. Er ikkje det eit godt alternativ?

– Nei. Det går verken tog eller buss som høver tidleg mandag morgon. Vi kan bruke drosje. Men reisetida blir likevel vesentleg lengre enn i dag. Det tyder tidlegare avreise etter helga, og at vi kjem seinare heim neste helg, seier pendlarane, som reiser fast med fly frå Geiteryggen mandag morgon, med retur frå Bergen enten torsdag eller fredag kveld.

Krev politikarar på banen

Trond Jacobsen og Trym Olsen meiner framleis flyplassen kan bergast.

– Den politiske leiinga i Skien er på banen, og skal møte folk i samferdselsdepartementet i neste veke. Det er bra. Men no må også politikarane i Porsgrunn og Bamble på banen. Det same gjeld Bård Hoksrud. Bård er "vår mann" på samferdselspolitikk, og no må stortingsrepresentanten frå Bamble stille opp for Grenland og Telemark, seier Trond Jacobsen og Trym Olsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark