NRK Meny
Normal

Fleire vil få influensa i januar

SKIEN (NRK): Mange nordmenn vart slått ut av influensa i romjula. Folkehelseinstituttet spår at fleire vil verte sjuke utover januar.

infulensa

INFLUENSA: Ei positiv influensaprøve på laboratoriet ved Sjukehuset Telemark.

– Den beste måten å unngå å verte smitta er å ta vaksine, men det er jo litt seint no, seier smittevernlege ved Sjukehuset Telemark, Yngvar Tveten.

På laboratoriet ved sjukehuset er Tveten og kollegaene i full sving med å undersøke alle blodprøvene som kjem inn. Det er hektisk nok til vanleg, men i romjula har trykket vore ekstra stort.

– Den 28 og 29. desember er dei dagane me hadde flest positive prøver her hjå oss, seier Tveten. Han trur dei kan ha nådd toppen i Telemark.

Folkehelseinstituttet anslår på sin side at influensatoppen kjem i januar. Nye tal syner at det var eit markant auke i influensatilfelle frå veke 51 til romjulsveka.

Tala syner at førekomsten av influensaliknande sjukdom i landet har gått frå låg til middels. Noko som betyr at influensautbrotet denne vinteren er godt i gang, står det i rapporten.

På landsbasis låg positivprosenten på 22,5 % i romjulsveka, opp heile 7,5 % frå veka før.

Influensaen har teke godt tak i hele landet, men nokre fylke er råka hardare enn andre. I Finnmark er førekomsten høgare enn i resten av landet.

Yngvar Tveten

SMITTEFARLEG: Smittevernlege, Yngvar Tveten, rår folk til å ikkje hoste på kvarandre i influensasesongen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Hald deg heime

Influensasesongen treff på omkring same tid kvart einaste år, og sjukdommen smittar fort frå person til person.

– Influensa smittar gjennom dropesmitte. Så det er ikkje så lurt å korkje hoste eller nyse på dei du er saman med, smiler Tveten.

Sidan influensa smittar så lett, oppfordrar Tveten alle som vert ramma av sjukdommen, om å verte verande heime.

– Du bør korkje gå på jobb, eller i andre sosiale samkomer, seier Tveten.

Kristian Heldal

KREVJANDE: Avdelingsleiar for medisinsk klinikk, Kristian Heldal, seier dei har hatt fleire folk med alvorleg influensa innom sjukehuset.

Foto: Martin Torstveit / NRK

På eit kontor i underetasjen sit avdelingsleiar for medisinsk klinikk ved Sjukehuset Telemark, Kristian Heldal. Der har dei også fått roa ned etter ei hektisk jul.

– Halvegs inn i romjula fekk me inn mange pasientar med alvorlege tilfelle av influensa, seier Heldal.

Influensa er krevjande for sjukehuset, sidan ein må isolere pasientane slik at dei ikkje smittar andre. I tillegg er smittefaren høg blant dei tilsette.

– Me satsar på at det verste er over no, men me er likevel i beredskap, seier Heldal.

  • Her kan du se Østafjells 20.55

    Østafjells 20:55
  • Vogntog sperrer Valebøvegen

    Politiet ber bilister som kjører Valebøvegen være obs på et vogntog som sperrer veien. Det var i 17.30-tiden at vogntoget satte seg fast på Fylkesvei 44 – Valebøvegen – ved Bø.

  • Her kan du se Østafjells 18.50

    Østafjells 18:50
  • UP: Fleire fartskontrollar

    Utrykkingspolitiet vil auke talet på fartskontrollar. Det seier UP-sjef Runar Karlsen. For høg fart er framleis den viktigaste grunnen til alvorlege trafikkulukker, og UP-sjefen trur at fleire kontrollar vil heve terskelen for å bryte fartsgrensene.

    Runar Karlsen
    Foto: Vegard B. Lien / NRK