Hopp til innhold

Fleire utan straum på grunn av torevêr

Fleire husstandar i Skien er utan straum på grunn av torevêret. Det brann i ein låve i Siljan.

Lyn 12. august 2014

Det har vore mykje lyn og tore i Grenland torsdag kveld. (Arkivfoto)

Foto: Jan Gundersen/leserbilde

Informasjonssjef Ruhne Nilssen i Skagerak Energi fortel at 370 husstandar i Skien er utan straum. Det er flest i området Frogner til Sneltvedt og sørover til Løberg som har mista straumen på grunn av torevêret.

– Vi har hatt ein liten reduksjon nå, seier Nilssen rett før klokka 22 torsdag kveld.

Det er nå 202 husstandar i Skien og 47 husstandar i Porsgrunn som er utan straum.

– Vi har mannskap ute som driv med feilsøking og omkobling, så vi håpar dei får straumen tilbake snart. Men det kjem an på kor lenge torevêret varer, seier Nilssen.

Han fortel at også husstandar i Lardal i Vestfold har vore utan straum på grunn av torevêret i kveld.

– Men dei har fått straumen tilbake, seier Nilssen.

Mange automatalarmar

Skien brannkorps køyrer ut til ei rekkje automatalarmar på grunn av torevêret, melder 110-sentralen på Twitter.

Meteorologisk institutt melder at torevêret i Skien kan fortsette utover natt til fredag.

Vegtrafikksentralen melder at Fylkesveg 44 mellom Plesnerparken og Gvåla er mellombels stengt på grunn av flaum.

Brann i låve

Politiet melder klokka 20.49 at dei ikkje har fått meldingar om ulykker på grunn av torevêret.

– Så langt har vi ikkje fått melding om skader på grunn av torevêret i Telemark, opplyser operasjonsleiar Arne Gunnar Tollehaugen.

Men klokka 21.13 kom det melding om røykutvikling og brann i ein låve på Øverbølia i Siljan.

– Klokka 21.30 melder eigaren at brannen er sløkt med eit pulverapparat, men brannvesenet køyrer for å sikre at alt er sløkt, opplyser Tollehaugen.

På NRK sin tipsportal blir det opplyst at det er heilt mørkt i Hof i Vestfold. Det torar, lyner og regnar mykje.

Også i Åmli i Aust-Agder er det straumlaust på grunn av torevêr. Straumen forsvann rundt klokka halv ni.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark