Fleire tusen venta på Sonja

Fleire tusen var møtt fram på kaia i Kragerø for å ta i mot Dronning Sonja som opnar si første separatutstilling.

Dronning Sonja åpnet sin første separatutstilling i Kragerø.

Dronning Sonja i Kragerø

Det var reine 17. mai stemninga i Kragerø då Dronning Sonja kom til Jens Lauersøns plass i sjaluppen Stjernen saman med kronprinsparet Haakon Magnus og Mette-Marit og dottera prinsesse Ingrid Alexandra.

Det var først ei lukka visning av dronninga si separatutstilling i Galleri Nicolines hus i Kragerø klokka 12, og ein time seinare fekk publikum sleppe til for å sjå bileta til Dronning Sonja.

Les også:

Ventar på Dronning Sonja

Fleire tusen var møtt fram på kaia i Kragerø for å ta i mot Dronning Sonja.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Separatutstillinga består av 32 bilete, 12 av desse er produsert i 2012. Dei fleste bileta er trykt i 60 ekspemplar, og er laga med ulike teknikkar. Motiva er både abstrakte og figurative.

Prisen på bileta varierer frå fire til ni tusen kroner, pluss ramme.

Dronning Sonja separatutstilling

Dronning Sonja selte mange bilete på opninga av separatutstillinga i Kragerø.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Og det er interessa for naturen som har vore utgangspunkt for store delar av det kunstneriske arbeidet.

– Eg hentar inspirasjonen i landskapet, både over og under jorda, sa Dronning Sonja, då ho møtte pressa fredag ettermiddag.

Det var stor interesse for å sjå bileta til Dronning Sonja. Og mange bilete blei selt allereie på opningsdagen i Kragerø. Det vitna dei mange raude merkene ved sida av bileta om.

Dronning Sonja bur på spahotellet på Stabbestad under opphaldet i Kragerø. Etter opningsmarkeringa reiste Dronning Sonja, kronprinsparet og prinsesse Ingrid Alexandra tilbake til hotellet på Stabbestad i sjaluppen Stjernen.

Her kan du sjå fleire bilete: