NRK Meny
Normal

Fleire tek bussen

PORSGRUNN/SKIEN (NRK): Det var omkring 50.000 fleire som tok bussen i Grenland i august i år, samanlikna med året før. Fleire avgangar og rimelegare prisar er årsaka til auke.

Gule busser

FLEIRE VEL BUSSEN: Pilene peker oppover for talet på dei som brukar kolletktivtransport.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Billettane i Grenland er ein av dei rimelegaste i Noreg, seier avdelingsleiar for nettbuss i Grenland, Mariann Ringsjø.

Ringsjø seier at dei i lang tid har merka seg eit auke i talet på personar som tek buss, sjølv om dei ikkje har nokre offisielle tal enda. I tillegg til pris så trur Ringsjø også at auke skuldast at busstilbodet er blitt betre.

Mariann Ringsjø

BETRE TILBOD: Mariann Ringsjø trur fleire avgangar og rimlegare prisar er årsaka til at fleire vel buss.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Fleire avgangar

Den 15. august vart for eksempel P7-ruta frå Siljan til Gulset forlenga vidare til Rødmyr med 17 daglege avgangar. Tilbodet for nattbussen er også forbetra, der den no går både fredag og laurdag. Tidlegare gjekk det berre nattbuss på laurdagen.

Gjennom Bypakke Grenland skal det investerast i fleire tiltak for kollektivtrafikken, og rundt 300 millionar kroner skal brukast til drift av kollektiv transport. Investeringane blir fordelt over 10 år.

Merkar skilnaden

– Det er jo kjekt å ta bussen til skule og fritidsaktivitetar. Det er jo ikkje alltid at mamma kan køyre meg, ler Charlotte Thorjussen

Ho og veninna Andrea Tarbydayte har akkurat hoppa av bussen ved Down Town i Porsgrunn. Dei er blant dei som tek bussen oftare no.

– Det er jo ikkje slik at det er blitt ein revolusjonerande skilnad, men det eg har bite meg merke i er at det er mykje enklare å halde oversikt over reiseruta no med dei nye haldeplassane.