Hopp til innhold

Fleire eldre på bygda

Kommunane i distrikta kjem til å merke eldrebølga mest. I Kviteseid kan kvar fjerde person vere over 70 år i året 2040.

Eldre

Folk blir stadig eldre. Det kjem til å prege ein del kommunar dei neste tiåra.

Foto: NRK

Dei gamle er framleis eldst, lyder ordtaket, og eldre vil dei truleg bli. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at gruppa med eldre innbyggarar aukar mest framover.

Stefan Leknes, forsker, regionale framskrivinger

Forskar Stefan Leknes slår fast at eldrebølga kjem, og den kjem til å prege bygdene.

Foto: SSB

– Det er ein sterk trend at folk blir stadig eldre, seier forskar Stefan Leksnes i SSB.

Denne veka presenterte han og kollegaene hans dei nye framskrivingane for korleis befolkninga vil utvikle seg i tida som kjem. Leksnes peikar på ein sentraliseringstrend der unge folk flyttar inn til byane og får barn der. Dei eldre blir att i bygda.

Kviteseid Kommune i Telemark er ein av distriktskommunane som vil ha veldig mange eldre blant innbyggarane. I år 2040 kan kvar fjerde person der vere 70 år eller meir.

Har eit håp

Gruppeleiar i Kviteseid Senterparti, Anne Birgit Sollid, kryssar fingrane for at kommunen greier å snu denne utviklinga.

Anne Birgit Sollid

Senterpartipolitikar Anne Birgit Sollid håpar det kjem fleire unge til kommunen i framtida.

Foto: Roald Marker / NRK

– Vi håpar unge folk kjem hit og etablerar seg, og vi får nye innbyggarar. Kommunen har også ei god satsing på næringslivet, seier ho.

Eldrepolitisk talsmann i Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud, er godt kjend med scenariet, men meiner at mange eldre ikkje nødvendigvis berre er ein negativ ting.

– Eldre lev lenger og er friskare. Dei er absolutt ein ressurs vi har god bruk for. Dei stiller opp i lag og foreiningar.

Han meiner likevel eldreomsorga må vere budd på det som kjem. Dei eldre må få ein trygg og verdig alderdom. Hoksrud håpar kommunane er klare.

– Alle har visst at det blir fleire eldre i ein periode.

Har planar

I Kviteseid trur Sollid at dei er godt skodd for framtida, men at dei treng personell som vil kome å jobbe i kommunen.

– Vi har planar om å byggje nye bustader for eldre. Frå før har vi eit bra omsorgssenter. Eg føler at vi har ein god eldreteneste.

Da treng dei yngre krefter, og Sollid håpar dei klarar å lokke ungdommen til kommunen.

– Eg har trua. Vi kan ikkje gje opp, avsluttar ho.