Hopp til innhold

Kjelde til NRK: – Mange fleire brukar hasj i Grenland

GRENLAND (NRK): – Det er eit veksande problem, det er fleire og fleire som bruker hasj og miljøet blir meir og meir utvikla, seier ei anonym kjelde frå hasjmiljøet til NRK.

Hasj

Kjelder frå hasjmiljøet i Grenland meiner at problemet blir større.

Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

Porsgrunnsmannen har lang erfaring frå hasjmiljøet og han seier at problemet er meir omfattande i Skien enn i Porsgrunn. Byen blir kalla Lille-Oslo.

Han har inntrykk av at prosentdelen av brukarar i forhold til innbyggartal er samanliknbart med hovudstaden, og at Skien er eit knutepunkt for hasjhandel til dei største byane sør i landet. Mannen, som vil vere anonym, er i midten 30 åra og har røyka hasj dagleg dei siste 15 åra.

– Når miljøet opnar seg for deg, og du ser det frå innsida, så er det heilt drygt. Du aner ikkje kor stort det er i Grenland, fortel han.

NRK har snakka med fleire kjelder i hasjmiljøet. Dei seier at problemet er veksande. Hasj er lett å få tak i, det har blive normalisera og unge, både ressursrike og -svake er offer for den ulovlege sida av samfunnet.

Unge er utsett

Porsgrunnsmannen meiner brukarane blir yngre og yngre, men ei undersøking gjort på ungdomsskular i Skien, fortel noko ana.

Frøydis Straume

Frøydis Straume, koordinator for samordning av lokale, kriminalitetsførebyggande tiltak i Skien Kommune, trur ikkje fleire unge brukar hasj.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Frøydis Straume, koordinator for samordning av lokale, kriminalitetsførebyggande tiltak i Skien Kommune la fram ferske tal frå undersøkinga.

– Undersøkinga viser at 2 prosent, av dei 88 prosentane av elevane som svara, har prøva hasj ei eller fleire gonger. Undersøkinga er gjort anonymt og i skuletida, så det er ingen grunn til at dei unge skal svare uærleg på den, seier Straume.

NRKs kjelde i miljøet meiner at realiteten er annleis og at fleire unge eksperimenterer med hasj. Utviklinga med sosiale medier og anna teknologi gjer det altfor lett for nye å utforske det ulovlege miljøet.

– Politiet har ikkje kontroll

Han meiner også at politiet ikkje har kontroll på utviklinga.

– Politiet er altfor lite synlege, og dei som sel hasj blir ikkje tekne, opplever Porsgrunnsmannen.

Leiar av avsnittet for organisert kriminalitet i Telemark Politidistrikt, Skule Worpvik, seier at politiet tek hasjproblematikken på alvor, men erkjenner at det er eit stort problem.

Skule Worpvik

Skule Worpvik, frå Telemark Politidistrikt, meiner at problematikken er eit felles samfunnsansvar.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

– Det er jo heilt openbart at hasj er eit problem. Vi gjer det vi kan, men det er eit felles samfunnsansvar. Vi skulle ynskje vi kunne gjere meir, men vi prøvar å ta dei organiserte og kriminelle miljøa, altså dei som er profesjonelle.

Han er heller ikkje einig i at problemet er veksande.

– Statistikken legger ikkje til grunn for at det er eit veksande problem, men den viktigaste endringa i problemet er blandingsmisbruk, seier Worpvik.

Trist rykte

Ei ana kjelde NRK har snakka med, som har kontaktar i hasjmiljøet, synest det er trist at han møter folk elles i landet som har eit fordomsfylt syn på Grenland.

– Dei veit ikkje at Henrik Ibsen er herifrå, men dei veit at du kan få kjøpt hasj veldig lett her, fortel han.