Hopp til innhold

Fjernar kumlokk i Skien

Politiet melder om at nokon har fjerna kumlokk i vegen fleire stader i Skien. Politiet ber om tips frå dei som kan ha sett gjerningsmannen. Det er fjerna kumlokk i Brekkegata, Øvre gate, Sneltvedtvegen, Frognerlia, Tomtegata og Frogneralleen.