Hopp til innhold

Fjellturistar bør unngå villreinområde

– Fjellturistar bør unngå område der det er villrein, og heller oppsøke fjellområde der det ikkje er simler med kalv, seier natur og miljøvernleiar i Telemark Turistforening, Jon Ingebretsen. I dag opnar turisthyttene sesongen.

Villrein
Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

Det er store snømengder i høgfjellet i år, og snøsmeltingar er minst ein månad forsinka i villreinområda.

Jon Ingebretsen

Jon Ingebretsen i Telemark turistforeining.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

– Turistar til fots eller på ski må stoppe opp eller styre unna villreinflokkar, og ikkje prøve å kome innpå for å fotografere, seier Ingebretsen.

Les også: Sommersnøen dekker maten for villreinen

Kalvinga på Hardangervidda starta for ei stund sidan. Men på grunn av lite med snøfrie parti, må simlene bruke mykje energi for å grave seg ned til maten.

– Det er viktig at særleg simler med kalv ikkje blir uroa for at dei skal klare å produsere den energirike mjølka kalvane treng.

Legg turen utanom villreinområde

Ingebretsen ber fjellturistane om å passe på. For nå er fjelltursesongen så vidt i gang. Turisthyttene opnar denne helga.

– Når vi veit at dyra har gått på sparebluss gjennom ein lang og hard vinter, blir situasjonen for simler og kalvar ekstra kritisk nå, seier Ingebretsen.

Turistforeningen vil ikkje åtvare mot å gå i fjellet. Men ber fjellturistane legge turen til område der det ikkje er villrein.

– Men det er fullt mogleg å oppsøke fjellområde der det ikkje er villrein, seier Ingebretsen.

Turisthyttene i fjellet opnar

I dag opnar alle DNT-hytter dørene for ein ny sommarsesong. Det er snøfritt og mogleg med fotturar i mange område.

Generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, på tur i fjellet.

Generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, på tur i fjellet.

Foto: Elin Hansson / DNT

– Det har vore mykje fokus på store snømengder i fjellet i media, derfor har mange blitt overraska over at det faktisk er fine forhold for fotturar i mange fjellområde, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT), Nils Øveraas.


Turistforeningen skriv i ei pressemelding at det er nok av stader du kan snøre på deg turskiene, spesielt i austlege fjellområde i Sør-Norge og i Sør-Trøndelag.