NRK Meny
Normal

Fjellgardane i Fyresdal

Eit av landets eldste bergverk ligg i Fyresdal.

Fjellgardane i Fyresdal
Foto: Norsk Bergverksmuseum, Kongsberg

Artikkelen er flere år gammel.

Fjellgardane i Fyresdal, eller Gruveområdet om du vil, ligg i eit svært avsidesliggjande område på heia mellom Fyresdal og Setesdal.

Det er faktisk eit av landets eldste kjente kobbarverk, og dei tyske bergmennene kalla det "Moisesberg".

Oppdragsgejvar var kong Christian den 3'dje i København, og som kongar flest, trong han pengar.

Hør: Fjellgardene i Fyresdal

500 år gammalt

Mot midten av 1500-talet saumfarar tyske bergmenn bygdene i Telemark, på jakt etter malm. Ved Fjellgardane i Fyresdal kjem dei over førekomstar av kobbar som ser lovande ut, i 1541 startar drifta av bergverket.

Gruvene i Fyresdal
Foto: Norsk Bergverksmuseum, Kongsberg

Gjennom fem sommarsesongar på 1990-talet blei gruvefeltet i Fyresdal grundig undersøkt med utgravingar og registreringar. Funna skulle vise seg å vere unike i norsk samanheng.

- Det er svært mykje som er godt bevart der oppe. Det er fordi det truleg har vore lite aktivitet der sidan gruvetida, seier forskar og historikar ved Norsk Bergverksmuseum i Kongsberg, Bjørn Ivar Berg.

Funne fleire gjenstandar

Han hadde ansvaret for feltarbeidet i Fyresdal på 90-talet. Då fann dei fleire små gruver og mange forskjellege gjenstandar.

Gjenstander frå Fjellgruvene

Nokre av gjenstandane som dei fann i gruvene.

Foto: Norsk Bergverksmuseum, Kongsberg

Det er vanskeleg å vite korleis gruvemennene fann malmen, og korleis dei blei tatt i mot av folka som budde i Fyresdal, men Berg meiner dei må ha visst at det var malm i området. Det skal også ha vore enkel gruvedrift i området i middelalderen.

Fann og sølv

Drifta ved "Moisesberg"-gruvene varte bare i åtte år - frå 1541-49. I hovudsak blei det tatt ut kobbar, men i malmen fann dei og litt sølv. Berg har skrevet eit rikt illustrert bokverk om gruvene i Fyresdal, der talrike reiskapar, gjenstandar og gruver vert presentert.

Det var i ei sjakt full av vatn og stein, at dei mest oppsiktsvekkande funna blei gjort. Frå tømmerstokkar i sjakta har de sikre dateringar frå 1540-talet.