SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Vest-Telemark Tingrett blir skulda for å ha dømt politisk i saka om gratis fiske for barn under 16 år.
Barn under 16 år kan framleis fiske gratis. Men dommen blir anka.
Harald A. Kvålen i Vinje tapte i går søksmålet om at grunneigarretten må gå framfor lova om fritt stangfiske for barn.
- Eg synest regjeringa si framstilling i retten bar preg av at fiskeretten er eit sosialpolitisk tiltak for at barn og unge skal få sunne interesser, seier Kvålen.
Han meiner argumentasjonen var veldig lik argumenta til Direktoratet for naturforvalting og Norsk jeger- og fiskeforbund.
Torde ikkje døme mot staten
Kvålen er framleis overtydd om at han har rett, og vil anke dommen, som han meiner er ein politisk dom.
Harald A. Kvålen er sikker på at han tapte saka fordi domarfullmektig i Vest-Telemark Tingrett ikkje torde å døme mot staten.
- Det å døme mot staten er ikkje ei enkel avgjerd, og eg er ikkje overraska over at eg tapa i denne omgang, seier Kvålen.
Kvålen er overtydd om at den frie fiskeretten for barn bare er eitt av mange åtak mot grunneigarrettane som i sum vil uthole heile eigedomsretten i Noreg.
- Viss vi ikkje bergar eigedomsretten no, så sit grunneigarane snart i reservat på same måte som indianarane i Amerika.
Og dommen frå Tingretten i går blir anka, seier Harald A. Kvålen.