Hopp til innhold

Fire ulvar i Telemark og Agder

Det har vore fire ulvar i Telemark og Agder-fylka det siste halvåret. Det syner nye DNA-prøver av avføring frå dyra.

Ulv skutt i Telemark

Ulven som ble felt i Nome i vinter.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tidlegare har Statens Naturoppsyn opplyst at det berre har vore ein ulv i Telemark etter nyttår. Denne ulven blei skoten i Nome den 1. februar.

Men no syner nye prøver av ekskrement frå dyra at det har vore minst fire ulike individ i regionen, og at minst to av dyra har vore i Telemark.

I tillegg syner DNA-prøvene at det har vore to dyr i Agder-fylka.

Krev ulvefri region

I dag går bondelaga i Telemark og Agder ut med krav om at styresmaktene set i verk tiltak for å gjere regionen ulvefri.

- Om nødvendig må rovviltnemnda gje fleire fellingsløyve, seier talsmann for bondelaga, Erling Brekkemoen frå Aust-Agder.

Rovviltnemnda for Telemark, Buskerud, Aust-Agder og Vestfold har gjeve fellingsløyve for ein ulv i tillegg til dyret som blei skote i Nome. No trur leiaren i nemnda, Jørund A. Ruud (Ap) at det kan kome fleire løyve.

- Stortinget har sagt at ulven ikkje skal etablere seg i regionen, og det kan godt vere at nemnda gjev løyve til å felle fleire dyr, Ruud.

Fire ulvar uventa

Ruud seier at resultatet av dei siste DNA-prøvene kom uventa.

- Vi visste at det var to dyr i regionen. No er talet dobla, og det syner kor vanskeleg det er å fastslå kor stor rovdyrstamma er.

Analysen syner at det er fire hannulvar som har vore i regionen det siste halvåret.

- Men vi veit at ulvane markerer revir, og det tyder at dei prøver å etablere seg. Dersom det dukkar opp ei ulvetispe får vi ein ny situasjon. Då har vi eit problem i høve til norsk rovdyrpolitikk, seier leiaren i rovviltnemnda.

Krev at SNO tek ansvar

Ulvejakta i Nome blei organisert av frivillige, og på det meste var 100 mann med på jakta.

No krev bondelaga at styresmaktene tek ansvar for å fjerne ulvane.

- Det er urimeleg at husdyrhaldarar og privatfolk skal bruke vinteren til jakt. Det er Statens Naturoppsyn og dei kommunale skadefellingsnemndene sitt ansvar å fjerne dyra, seier Erling Brekkemoen.