Finn giftampullar langs kysten
Brannvesenet åtvarar folk mot å plukke opp gamle giftampullar som kan dukke opp langs Oslofjorden. Dei siste dagane er det funne ampullar frå den andre verdskrigen på kysten i Buskerud. Folk som finn slike ampullar må melde frå til politiet.