Hopp til innhold

Finn fram i tungtvasskjellaren på eiga hand

Nå kan du utforske tungtvasskjellaren med eit 360-graders kamera og 3D-utstyr og gå på leiting etter rommet der tyskerane laga tungtvatn under krigen.

Hele reagensrør i kjelleren på Hydrogenfabrikken

TO MISLYKKA FORSØK: Tungtvasskjellaren er forsøkt sprengt i 1943 og 1977. Til og med reagensglasa på laboratoriet er uskadde 40 år etter at fabrikkbygget vart jamna med jorda i 1977.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Det er Telemark fylkeskommune som nå vil gje folk sjansen til denne opplevinga med spesialutstyr.

Dette blir ein del av dokumentasjonen og formidlingsmaterialet som Norsk Industriarbeidermuseum skal bruke for å gjere kjellaren tilgjengeleg for alle.

Klikk på lenka og utforsk tungtvasskjellaren på eiga hand

Det er Riksantikvaren, Tinn kommune og Telemark fylkeskommune som saman med Hydro Energi er dei største bidragsytarane for å få tungtvasskjellaren fram i lyset igjen.

Tungtvannskjelleren. Her sprengte de for 75 år siden

Her er rommet der sabotørane sprengte utstyret som tyskarane lagde tungtvatn med. Nå kan du sjølv gå på leiting etter rommet i kjellaren med eit tredimensjonalt kamera.

Foto: Thomasz Wacko/NIA

Fann godbitar heile tida

Det er avdekka 400 kvadratmeter med kjellar. Og kartet dei har bruka blei teikna av ein tilsett ved Hydrogenfabrikken som rømte til Sverige etter sabotasjen mot tungtvassproduksjonen 28. februar 1943.

Då han blei avhøyrt av svenske styresmakter, så teikna han eit detaljert kart av kjellaren der den tyske okkupasjonsmakta produserte tungtvatn. Dette kartet, teikna ut frå minnet, var så korrekt at det berre har vore nokre meter avvik, når arkeologane no har leita seg fram i den gamle kjellaren.

Arkeolog i Telemark fylkeskommune, Sindre Arnkvern, har vore med heile tida under utgravinga av kjellaren på den gamle Hydrogenfabrikken som blei sprengt i 1977. Då hadde fabrikkbygget stått og forfalle etter at all produksjon av hydrogen og tungtvatn vart lagt ned i 1971.

– Det her er verkeleg ein draum. Vi starta med eit håp om å finne restar etter eit golv. Og når vi ser rundt her, så har vi ein full kjellar. Det er heilt fantastisk.

Arnkvern fortel at dei har vore så heldige og fått fram godbitar til ulike tidspunkt under heile prosessen med å grave ut kjellaren.

Sikringsskap i kjelleren på Hydrogenfabrikken

Sikringsskapet er ikkje helt etter dagens standard.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Dette er heilt unikt

Direktør i Norsk Industriarbeidermuseum, Runar Lia, seier at kjellaren står fram som svært intakt, sjølv om det er 40 år sidan fabrikken blei sprengt.

Den gongen var det ingen som trudde at kjellaren skulle opnast igjen. Men om to-tre år kan det bli eit spektakulært industrimuseum med krigshistorie her.

– Dette er ein draum vi har halde på med i to år. Nå står vi endeleg inne i kjellaren og har funne meir enn vi hadde turt å drøyme om. Her kan vi dokumentere både industrihistoria og krigshistoria. Og det gjer dette bygget heilt unikt.

Koblingstavler i kjelleren på Hydrogenfabrikken

Koplingskavlen for elektriske installasjonar i den 8 etasjar høge bygningen står framleis i kjellaren.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark