Hopp til innhold

Fem menn tatt etter væpna ran

Fem menn er arrestert etter eit brutalt ran i ein heim i Skien i natt. Dei trua med pistol og politiet trur dei fem også banka opp ein mann tidlegare på kvelden.

Borgestad, Skien

Det er fire menn frå Oslo og ein mann frå Skien i 20 åra som blei arrestert Skien i natt.

– Mannen som blei slått ligg på sjukehus med skader, seier operasjonsleiar Jan Olaf Jansen ved Telemark politidistrikt.

Han fortel at politiet fekk melding om rop og skrik utanfor ein bustad på Borgestad i Skien klokka kvart på eitt om natta.

Jan Olaf Jansen

Jan Olaf Jansen ved Telemark politidistrikt.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Politiet rykka ut med to patruljer og fekk etter kvart kontakt med to personar som fortalde at dei hadde blitt rana i heimen sin.

– Det var fleire personar som hadde storma inn i husværet og truga dei med våpen, og truga til seg eigendelar. Blant anna bankkort og pengar, seier Jansen.

Dei som var i husværet blei ikkje skada.

Mistenkt for valdsepisode

Dei fem mennene som utførte ranet er også mistenkt for å ha skada ein annan mann tidlegare onsdag kveld. Klokka 21.10 fekk politiet melding om ein valdsepisode på Kjørbekk i Skien.

– Det var ein mann som var slått med batong og truga med pistol. Han blei køyrt til sjukehus med ambulanse. Og har truleg fått eit brot i armen, seier Jansen.

Han fortel at den etterforskinga politiet har gjort tyder på at det er dei same folka som står bak både lekamsskadinga og ranet.

Dei fem mennene som er arrestert vil bli avhøyrt seinare i dag. Jansen seier at dei er kjent av politiet frå før.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark