SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
I Brevik blei ein båteigar truga med balltre då at han oppdaga båttjuven.
Mannen som truga med balltre er framleis på frifot. Ved Borgestad i Skien blei fire båttjuvar tekne av politiet.
Arresterte kvinne i båt
Åge Halvorsen er operasjonsleiar ved Telemark politidistrikt. Foto: NRK
- Heldigvis kom ingen tilskade, seier opersjonsleiar Åge Halvorsen ved Telemark politidistrikt.
Det var ved utestaden Tvende brødre i Brevik at båteigaren tok båttjuven på fersk gjerning.
- Båteigaren som kjende att båten sin ringte til oss, og fortalte at gjerningsmannen hadde med seg eit balltre, seier Halvorsen.
Fire i ein plastbåt
Men då politiet kom til staden var tjuven stukke av. Men dei arresterte ei kvinne som låg i båten.
- Vi har eit godt håp om å få tak i gjerningsmannen, seier Halvorsen.
Ved Borgestad i Skien blei fire båttjuvar arrestert i ein plastbåt.
- Vi ringte båteigar og spurte om han hadde gitt løyve til å låne ut båten. Det hadde han ikkje, seier Halvorsen.