Hopp til innhold

Fekk fartsbot i Heddal

Politiet gjennomførte ein fartskontroll på E134 på Bamlesletta i Heddal måndag kveld. Ein mann frå Litauen køyrde i 102 km/t og fekk ei bot på 4900 kroner og ingen prikkar, sidan han ikkje hadde norsk førarkort. Ein mann frå Rjukan køyrde i 97 km/t i ei 80-sone og fekk ei bot på 3600 kroner. Men fordi han hadde førarkortet på prøve blei det dobbelt med prikkar, til saman 4 prikkar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark