Hopp til innhold

Feirar «Peer Gynt» med seks timars opplesing

SKIEN (NRK): 14. november er det 150 år sidan «Peer Gynt» vart gjeven ut. Det blir feira med opplesing av heile verket i Henrik Ibsen sin heimby.

Henrik Ibsen

IBSEN I SKIEN: Henrik Ibsen på sokkel i heimbyen Skien.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Vi har hatt suksess med høgtlesingskveldar på biblioteket. Også såg eg at dei har strikka heile «Peer Gynt» i Bergen. Dette inspirerte meg til å arrangere opplesinga.

Cecilie Lysell

ORIGINALVERKET: Bibliotekar Cecilie Lysell med ei originalutgåve.

Foto: Lorentz Ivar Berg / NRK

Cecilie Lysell er Ibsen-bibliotekar i Skien. Ho fortel at «Peer Gynt» opphavleg var skrive som eit dramatisk dikt, ikkje som eit teaterstykke.

Difor passar det godt å markere 150-årsjubileet med å lesa verket slik det var skrive i 1867 – ein versjon mange kanskje ikkje kjenner til. Lysell trur ikkje det er gjort liknande opplesingar av Peer Gynt tidlegare.

Deltakarane på opplesinga spenner frå politikarar og næringslivstoppar til journalistar og elevar. Mellom anna skal ordførar i Skien, Hedda Foss Five, lesa Mor Åse sine replikkar i fyrste handling.

Ja, tenke det; ønske det; ville det med; – men gjøre det!

Peer Gynt

Minutt for minutt

– Dette blir litt sånn sakte-tv. Det blir laust og ledig, folk kan koma og gå som dei vil, og vi serverer mat. Men det blir nok ganske intenst å vera til stades dei seks-sju timane arrangementet varar, seier Lysell.

Det var fyrst ni år etter utgjevinga, at diktet vart oppført som teater. Stadig kjem det nye versjonar. Mellom anna har Peer vore gjest i Skavlan, og i ein opera drøymer Peer at han er massemordar.

– På dette arrangementet er det sjølve teksten som er i sentrum.

Mange har nok høyrd om Peer Gynt, utan å kjenne til teksten så godt. Sjølv vart eg overraska over kor mykje rim det var når eg las teksten. Alt er skrive på rim!

Cecilie Lysell
Fra Peer Gynt i Operaen

PEER SOM OPERAFIGUR: I 2014 fann Peer Gynt vegen inn på operascena i eit nytt verk av den estiske komponisten Jüri Reinvere.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera & Ballett

– Eventyrleg og vidløftig

I løpet av arrangementet skal over 50 personar bidra til å framføre diktet. I opningsscena er det sjefredaktør i Telemarksavisa, Ove Mellingen, som skal lesa Peer sine replikkar.

Ove Mellingen i de nye redaskjonslokalene

LES PEER SINE REPLIKKAR: Redaktør i TA, Ove Mellingen, kjennar att karakterane i Peer Gynt frå Ibsens eigen familie. – Mor Åse er inspirert av Ibsens mor Marichen, og pappa Gynt liknar på Knud Ibsen, seier han

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Dette er eit fabelaktig stykke, som eg synest er enda meir interessant etter å ha budd i Grenland. Mykje er inspirert av Ibsens eigen familie.

Mellingen kallar stykket ein eventyrleg, vidløftig og surrealistisk kombinasjon, som samtidig definerer noko storslege i den norske folkesjela.

– Det er fascinerande at éin av dei to største dramatikarane i verda kjem frå Skien. Han har skrive så mykje allmenngyldig litteratur som det burde blitt gjort meir ut av.

– Den andre er Shakespeare?

– Ja, etter Shakespeare er Ibsen den som blir spela mest på verdas scener.

Dei forskar på Ibsen i Teheran, han er stor i teaterkulturen i New York, han blir debattert i Japan og Kina, og han er heilt sentral i Europa.

Ove Mellingen
Peer Gynt (Fjernsynsteatret) PEER GYNT

FRÅ FJERNSYNSTEATERET: Nokre hugsar kanskje Fjernsynsteateret sin versjon av «Peer Gynt» frå 1993. Frå venstre ser vi Ola B. Johannessen som Begriffenfeldt og Paul Ottar Haga som Peer.

Foto: Halden, Barbara / Barbara Halden, NRK

Oppdagar nye ting kvar gong

Mellingen fortel at det ligg mange djupner i Ibsens litteratur, og at det går an å lesa Ibsen og få nye ting ut av det kvar gong – noko som seier ein del om storleiken til Ibsen. Sjølv liknar han ikkje på karakteren Peer Gynt.

– Nei. Haha, eg gjer ikkje det. Peer er ein lystløgnar, men samtidig har han ein svær appetitt på opplevingar. Det siste kan eg kanskje kjenne meg att i.

Originalutgåve av Peer Gynt

FYRSTEUTGÅVA FRÅ 1867: Originalutgåva av «Peer Gynt» er utstilt i monter på Skien bibliotek.

Foto: Lorentz Ivar Berg / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark