Hopp til innhold

Feilutløysing av nødsendar førte til full redningsaksjon

Politiet og luftambulansen sette i gang full redningsaksjon på Hardangervidda etter at hovudredningssentralen fekk signal frå ein nødsendar. Da dei kom fram til staden synte det seg å vere eit feilsignal.

redningsakjon

– Det synte seg at sendaren hadde vorte løyst ut ved ein feil, seier operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt, Jørn Gustav Larsen.

Signalet vart sendt til hovudredningssentralen, og sidan politiet ikkje fekk kontakt med eigaren av sendaren vart det sett i gang ein redningsaksjon med snøskuter og luftambulanse.

– Me vil oppfordre alle som har slike sendarar til å ikkje legge dei ein plass der dei kan verte løyst ut ved ein feil, seier Larsen.

Laster Twitter-innhold