SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Arbeidstilsynet meiner tvert i mot at kvardagen for lærarane er blitt hardare dei siste åra.
- Det er veldig hyggelege tal. Men eg trur det er store mørketal.
Arbeidstilsynet meiner det er store mørketal når det gjeld vald i ungdomsskulen.
Det seier Mona Bondevik som er tilsynsleiar i Arbeidstilsynet i Telemark.
Ikkje kultur for å melde frå
Talet på lærarar som blir utsett for grov vald og trugsmål frå elevar er synkande i Telemark. I fjor blei det rapportert om seks tilfelle av vald mot lærar, mot elleve i 2001 og 2002.
Arbeidstilsynet meiner at lærarane ikkje har kultur for å melde i frå når dei opplever grov vald og trugsmål.
- Nei. Eg trur tålegrensa i skulen er ganske høg i forhold til å melde frå og reagere. Og at slike problem blir privatisert i klasseromet, seier Bondevik.
Har plikt til å melde frå
Ho seier at Arbeidstilsynet faktisk får signal om at det hardnar til i den norske skulen, og særleg på ungdomsskulen.
- Så difor trur eg at sjølv om tala har gått ned, så er utfordringane store i skulen, seier Bondevik.
No ønskjer Arbeidstilsynet at lærarar skal bli flinkare til å rapportere inn saker, og at skulen for betre rutiner på korleis grov vald og trugsmål blir følgt opp i ettertid.
- Det vi opplyser om når vi er på tilsyn er at lærarane har plikt på seg til å melde frå om forhold som påverkar liv og helse. Og i den samanhengen kjem vald og trugsmål inn, seier Bondevik.