NRK Meny

Får uttale seg om politireform

Ordførar i Vinje, John Rikard Kleven, er glad for at politimeisteren lar alle ordførarane i Telemark få lov til å uttale seg om den nye politireforma. I utgangspunktet ville politimeister i Sør-Øst politidistrikt, Christine Fossen, berre la ordførarane i fire kommunar få lov til å uttale seg.

Jon Rikard Kleven
Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Vil børsnotere Fjordkraft

    Eigarane av Fjordkraft vurderer å børsnotere selskapet. Skagerak Energi er ein av eigarane, og saman med BKK og Statkraft ynskjer dei å leggje til rette for utvikling av selskapet gjennom ei børsnotering.

  • Norconsult til Seljord

    Rådgjevarfirmaet Norconsult etablerer seg i Seljord. Dette vil kunne gje 10 nye arbeidsplassar i løpet av neste år. Jonny Ødegård i Norconsult seier at Seljord er eit interessant område for rådgjeving, særleg innan vatn og avløp.

  • Røe Isaksen attende måndag

    Måndag er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Porsgrunn attende på jobb etter å ha vore ute i pappapermisjon. Partifellen Henrik Asheim i Høgre har vikariert for Røe Isaksen i ti veker.

    Torbjørn Røe Isaksen Torbjørn Røe Isaksen
    Foto: Berit Roald / NPK
  • Trailer står fast i Åmot

    Ein trailer har køyrt seg fast på E134 i Åmot i Vinje, ved avkøyringa mot Rauland. Eitt løp blir stengt i ein kort periode.