NRK Meny

Får tvangsmulkt i Porsgrunn

Eigaren av ei omstridt industritomt på Knardalstrand i Porsgrunn har fått ei tvangsmulkt på 100.000 kroner av Porsgrunn kommune for å ikkje ha fjerna ein brannskadd brakkerigg og fjerna ein båt innan fristen 1. september. Båten blei lempa på land etter at fristen gjekk ut, og Porsgrunn kommune har difor frafalt den opphavelege bota på 300.000 kroner. Eigaren får også ei tvangsmulkt på 50.000 kroner per veke, inntil eigedomen er ferdig rydda.