NRK Meny

Får storkontrakt i Nigeria

Minox Technology på Notodden har fått ein storkontrakt i Nigeria til ein verdi av mellom 150 og 180 millionar kroner. Notoddenbedrifta skal levere utstyr til å fjerne oksygen frå sjøvatn på ein miljøvenleg måte. Direktør Bjørn Einar Brath seier i ei pressemelding at Minox kjem til å ha auka fokus på Vest Afrika der det er stor aktivitet.