Hopp til innhold

Sjukehuset Telemark får refs av Høie

Helseminister Bent Høie er uroa over at Sjukehuset Telemark fyller opp sjukehuset med for mange pasientar.

Helseminister Bent Høie (H)

Helseminister Bent Høie meiner praksisen med hundre prosent belegg på sjukehuset kan gå ut over pasientane.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Ein reportasje i NRK 16. januar i år om praksisen ved sjukehuset fekk stortingspolitikar for Senterpartiet, Kjersti Toppe, til å stille spørsmål til Helseministeren.

Sjukehuset planlegg med eit belegg på hundre prosent dekning på sjukehussengene.

I spørjetimen i Stortinget onsdag sa Bent Høie at han meiner dekningsprosenten kan gå ut over den behandlinga som sjukehuset gir.

Les også: - Overfylte avdelinger truer sikkerheten

Dårleg for pasientane

Og han er einig med blant anna Legeforeininga, som meiner eit stapp fullt sjukehus er dårleg for pasientane.

Per Urdahl

Klinikksjef Per Urdahl ved Sjukehuset Telemark.

Foto: Thomas Nicolai Blekeli

– Det kan vere ein risiko for at praksisen med hundre prosent belegg på sjukehussengene kan gå ut over kvaliteten på tenestene, sa Høie.

Klinikksjef Per Urdahl ved Sjukehuset Telemark sa, tidlegare i år, at dei planlegg å bruke alle dei ressursane dei har.

Den gongen hadde han ingen problem med å forsvare at dei prioriterer ressursane sjukehuset har ut frå eit cirka belegg på hundre prosent.

Les også: Ledelsen innrømmer at kutt ikke var lurt

Risiko for at fleire dør

Men i Stortinget kasta Sp-politikar Per Olaf Lundteigen seg på for å få reine ord for pengane.

– Nå har statsråden sagt at han vil ta opp spørsmålet om hundre prosent dekning. Det betyr vel på godt norsk at her har Sjukehuset Telemark gjort feil, sa Lundteigen.

Helseministeren seier forsking viser at fleire pasientar kan døy og risikoen for feilbehandling aukar når pasientbelegget aukar.

– Det er også årsaka til at eg vil ta spørsmålet opp med Helse Sør Øst, sa Høie.

Les også: Pasienter usikre etter sykehusopphold