SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Direktoratet for naturforvaltning har avgjort at Den Norske Turistforening Oslo og Omegn får lov til å begynne kvistinga i morgon, og halde skiløypene merka til over påske.
Det blir kvisting av skiløypa frå Haukeliseter i påska.
Leiar i turistforeningen, Jan Erik Reiten, er glad for at direktoratet har gjeve dei lov til å kviste løypene, og han meiner dette vil auke tryggleiken i påskefjellet.
- Løyvet går frå torsdag før påske til og til helga etter påske. Vi reknar med at kvistinga blir gjennomført på ein til to dagar, seier Reiten.
Konflikten er ikkje løyst
Han seier at turistforeninga hadde rekna med å få lov, og kjem til å bruke snøskuter på statsalmenningen der dei får lov, og hundeslede på dei private eigedomane, seier Reiten.
Konflikten mellom grunneigarane er langt frå løyst. Og Reiten seier at dei vil prøve ta opp igjen dialogen med grunneigarane når det gjeld bygging av bruer og merking av løyper til sommaren.