NRK Meny

Får kritikk av fylkeslegen

Helse- og omsorgstenestene i Kragerø kommune til menneske som er utviklingshemma er ikkje gode nok. Det kjem fram i ein ny rapport frå Fylkesmannen etter eit tilsyn i sommar. Fylkeslege i Telemark, Steinar Aase, seier dei fleste avvika dreier seg om mangel på ressursar. Omsorgssjef i Kragerø kommune, Vidar Stein Andersen seier dei tek innhaldet i rapporten på alvor.

Steinar Aase ved skrivebordet
Foto: Anne Lognvik / NRK