NRK Meny

Får køyregodtgjersle som lønn

Mange av klubbane i breiddeidretten bryt lova ved at dei lønner trenarar og spelarar med køyregodtgjersle. Det meiner både revisorar og fleire med god kjennskap til idretten. NRK har vore i kontakt med fleire breiddeklubbar som seier dei ikkje juksar med køyregodtgjersle, men utover det ønskjer dei ikkje å kommentere saka.