SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Justisdepartementet vil ikkje gje meir pengar til tryggingstiltak ved Skien fengsel. Departementet meiner regionen har fått nok pengar.
I går kom det kritikk mot tryggleiken i fengselet. Dei tilsette føler at tryggleiken ikkje er forsvarleg.
Men ifølgje avdelingsdirektør Unni Gunnes i Justisdepartementet er det gjeve nok pengar.
Har fått nok pengar
- Det er ingen kutt i ramma til kriminalomsorgen. Vi meiner den økonomiske ramma er stor nok til å oppretthalde både drifta og tryggleiken på eit forsvarleg nivå.
Skien fengsel er ein del av region sør som har fått mange millionar kroner til tryggingstiltak, men dei pengane er bruka ved Ringerike fengsel.
Regiondirektør Bjørn Krogsrud er uenig i at tryggleiken ikkje er god nok.