NRK Meny
Normal

Utdannar nesten hundre i året

Grenland er eit av områda i Noreg kor det er vanskeleg for barnehagelærarar å få jobb.

Barn i Skrukkerød barnehage

Telemark utdannar mellom 60 og 100 barnehagelærarar i året. Difor er det vanskeleg for å alle å få jobb i fylket.

Foto: Malin Nygaard / NRK

Christer Myrehagen, er utdanna barnehagelærar og tar ein mastergrad. Han flytta til Grenland i 2012 frå Drammen då han fekk jobb som vikar i Bakken barnehage i Skien.

Christer Myrehagen, barnehagelærer

Christer Myrehagen, barnehagelærar i Skien.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Eg skjønar veldig godt frustrasjonen til dei nyutdanna barnehagelærarane. For det er eit stort behov for barnehagelærar, og då er det synd at mange ikkje får jobb.

Det er tre år sidan Christer Myrehagen fekk eit vikariat på ni månader i Skien kommune.

– Det var ein barnehage som passa meg, og som eg kunne utvikle meg vidare, seier Myrehagen.

Nå har han fast jobb i femti prosent stilling, og eit vikariat i femti prosent stilling.

– Det er ikkje optimalt. For det er litt usikkert. Men eg startar på mitt fjerde år no i hundre prosent stilling. og etter det har eg krav på fast jobb i Skien kommune, seier Myrehagen.

Les også: 100 søkere til én stilling i barnehage

Får jobb om du flyttar

Studieleiar for barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen i Telemark, Eidbjørg Sannes Hansson, seier det bør ikkje vere uventa at det er vanskeleg å få fast jobb som barnehagelærar i Telemark.

– Her i fylket er det utdanna mellom 60 og 100 barnehagelærarar i året dei siste førti åra. Og det er mange lokale søkarar, og dermed har Telemark eit fortrinn med god tilgang på søkarar til ledige stillingar, seier Sannes Hansson.

Studieleiaren viser til andre fylke i landet, slik som Oslo, Rogaland, Nordland og Finnmark der det er vanskeleg å få tak i utdanna barnehagelærarar.

– Så i utgangspunktet er det mange sjansar til å få seg jobb andre stader om ein er viljug til å flytte på seg, seier Sannes Hansson.