Hopp til innhold

Fleire tusen kroner i bot for skadeskyting

Seks jegerar i Nedre Telemark har fått bøter for å ikkje ha varsla om skadeskyting under jakta.

Olav Lia og Espen Marker

Miljøkoordinator i Telemark Politidistrikt, Olav Lia og Espen Marker i Statens naturoppsyn.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Alle jegerane må betale bøter på mellom 6000 og 8000 kroner. Ein hjort blei funnen død 14 dagar etter at den blei skoten, ein og ein halv kilometer frå staden der den blei skoten på.

Alle jegerane har erkjent og forstår at dei skulle ha varsla om skadeskytinga.

Les også: Anmelder ulvejakten i Nome

Ikkje vanskelege å finne

Miljøkoordinator i Telemark Politidistrikt, Olav Lia, seier at skadeskytinga blei oppdaga då hjorten blei funnen død. Viltnemndene undersøkte om det var meldt frå om skadeskyting i området, og det viste det seg at det ikkje var.

Olav Lia, politiet

Miljøkoordinator i Telemark Politidistrikt, Olav Lia.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

– Og då var det ikkje vanskeleg å finne ut at det var eit jaktlag som hadde skote på ein tilsvarande hjort 14 dagar før utan å melde frå til viltnemnda om skadeskyting, seier Lia.

Det er ei plikt etter viltlova å melde frå om skadeskyting, og blir det skote mot dyr så skal det undersøkast og gjerast det som er mogleg for å finne dette dyret som lir etter å ha blitt skadeskoten.

– Du skal også melde frå til viltnemnda same dagen, viss du ikkje finn dyret den dagen. Du skal også bruke godkjent ettersøkshund, og det blei heller ikkje brukt i dette tilfelle, seier Lia.

Les også: – Større oppgave enn en månelanding å utrydde karpen

Godt at det blitt tatt tak i

Han fortel at jegerar ofte friskmelder dyret sjølv og meiner at dei har bomma, og melder ikkje frå til viltnemndene.

Så enkelt er det ikkje. Ofte har dei treft dyret når dei skyt mot eit så stort dyr som eit hjortevilt, seier Lia.

Espen Marker i Statens naturoppsyn er glad for at det blir reagert mot skadeskyting av dyr, og det blir prioritert av politiet.

– Vi veit at dette skjer mange andre gonger også, utan at det blir oppdaga. Så då er det godt at det blir tatt tak i når det er mogleg, seier Marker.

Les også: – Kobbertyver kan ødelegge for verdensarvliste