Hopp til innhold

Får ansvar for å feie 400.000 hyttepiper

VINJE (NRK): Fleire kommunar står framfor ein kjempejobb når dei no må feie hyttepiper på lik line med bustadhus.

Knut Kristian Vadder feiar pipe

I Vinje i Telemark finst det i dag rundt 4000 hytter.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er om lag 4000 hytter i Vinje og me er to feiarar, så den jobben blir stor.

Knut Kristian Vadder

Feiar Knut Kristian Vadder trur den største utfordringa blir å møte folk på hyttene når dei skal feie.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det seier feiar Knut Kristian Vadder, som står å rensker dagens fyrste hyttepipe i Vinje kommune i Telemark.

Frå fyrste januar i år fekk kommunane fullt ansvar for å feie piper på fritidsbustader innanfor deira eigne grenser. Tidlegare har dette vore valfritt.

Fryktar stort etterslep

Feiermesternes Landsforening

Karianne Hjelseth Mæhlum er leiar i Feirmesternes Landsforening.

Foto: Feiermesternes Landsforening

Leiar i Feiemesternes Landsforening, Karianne Hjelseth Mæhlum, trur mangelen på felles rutinar av feiing tidlegare vil føre til eit stort etterslep på fleire hytter i landet.

– Me ser at det er fleire brannar som startar i forbindelse med eldstader på hytter enn i bustader, seier ho.

Mæhlum håper kommunane er klare for den store oppgåva som ligg framfor dei.

– Eg håpar me får gjennomført dette. Det kan kanskje bety at nokon brannvesen og feievesen må tilsetje fleire folk, seier ho.

Ifølge Statistisk sentralbyrå var fanst det litt over 420.000 hytter og sommarhus i landet 1. januar i år.

Hyttefelt i Vest-Telemark

I Vest-Telemark er det om lag 12.000 hytter.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Har feid 100 av 12.000 hytter

I mange av landets kommunar har hytteeigarane til nå sjølv hatt ansvar for å melde ifrå og bestille feiing når det trengst.

Branninspektør i Vest-Telemark brannvesen, Ole-John Almenning, har inntrykk av at mange hytteeigarar i Vinje og andre store hyttekommunar i deira område, ikkje har vore flinke nok til å melde ifrå om behov for feiing.

– Me har feia mellom 50 og 100 hytter i Vest-Telemark på førespurnad. Og når det er 12.000 hytter så er det jo mange me ikkje har feia, seier han.

Branninspektøren seier mange av hyttene i Vest-Telemark er bygd før 1985. Han trur mange aldri har fått pipa feid, noko som kan føre til auka brannfare i mange hyttefelt.

– Når du ikkje feiar så aukar faren for pipebrann. Dårleg fyringsanlegg og ein pipebrann kan føre til at brannen kan spreie seg til sjølve bygningen, seier han.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark