Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- 17. mai på Henseid Reporter Christina Førli Aas
- Kommune: Skien
Med om lag 20 grader, sol og strålande ver var det mange blide vaksne og barn i 17. mai tog.
I Skien og Porsgrunn var det mykje folk i gatene som kosa seg i det som blei ein ekte folkefest.
Ingrid Aleksandra debuterte på slottsbalkongen 17. mai.
Men litt bråk blei det også natt til 17. mai.
Politiet måtte rykke ut til gjengslagsmål i Lundedalen i Skien natt til 17. mai, skriv TA.
Gjengoppgjer i Lundedalen
Mellom 15 og 20 personar av utenlands opphav kom i krangel med russ som feira slutten på tretten års skulegang.
Det heile starta med ein liten krangel, men som utvikla seg til å bli til eit valdsomt oppgjer.
For då ungdomane kom tilbake til Lundedalen var dei utstyrt med stokkar.
Det heile roa seg ned då politiet kom til staden. I alt tre personar i Grenland blei arrestert av politiet for fyll.
Utover dette var det ein roleg natt til 17. mai i Telemark i år.