Hopp til innhold

Fann torpedo i Kragerø

Skjergardstenesta har funne delar av ein tysk torpedo i Kragerø-skjergarden. Seksjonen er 4,5 meter lang, seier operasjonsleiar Terje Pedersen i Sør-Aust politidistrikt til Kragerø Blad Vestmar. Politiet vil ikkje opplyse kvar torpedoen ligg før Forsvaret har sett nærare på funnet.