NRK Meny

Fann lekkasje i Seljord

Ein lekkasje på det kommunale nettet i Nordbygda er årsak til at fleire hundre husstandar i Seljord er utan vatn. Lekkasjen er lokalisert, og det tyder at husstandane i Bringsås, Trongkleiv og Seljord sentrum får vatnet tilbake, opplyser teknisk sjef Kåre Groven. Dei som bur i Nordbygda må framleis rekne med å vere utan vatn.