Hopp til innhold

Familiefar tok kvelartak på gut (11)

Ein familiefar tok kvelartak på ein gut (11) då han var i bassenget. Guten fekk blå merker på halsen. No går både foreldra og leiinga ved Skien fritidspark til politiet med saka.

Skien Fritidspark

Det var i bassengavdelinga i Skien fritidspark valdsepisoden skjedde.

Det var fredag kveld at guten var i Skien fritidspark saman med vener for å feire fødselsdag, fortel foreldra.

I bassenget var og ein familiefar med to barn. Då mannen skubba bort ein av venene til sonen deira, gjekk 11-åringen mellom for å forsvare kameraten, fortel mor til guten

– I fylgje sonen min blei mannen sint, og for å kome unna hoppa guten vår i bassenget. Den vaksne mannen kom etter, og tok nakketak på han mens han drog 11-åringen under vatn. Sonen vår har framleis merker på halsen, seier mor til NRK. Sundag kveld melde ho saka til politiet.

– Handlemåten kan ikkje forsvarast

Jon Steinar Tufte

Dagleg leiar i Skien fritidspark, John Steinar Tufte, vil i dag søke råd hos politiet.

Foto: Roald Marker / NRK

Dagleg leiar i Skien Fritidspark, John Steinar Tufte, seier at handlemåten til mannen ikkje kan forsvarast.

– Det spelar ingen rolle kva som eventuelt skjedde før mannen tok tak i guten. Det er heilt uakseptabelt å gå laus på barn på denne måten, slår John Steinar Tufte fast.

Tufte fortel at mannen kom seg unna før dei tilsette i fritidsparken fekk snakke med han. Men fritidsparken veit kven mannen er.

– Vi vil ta kontakt både med foreldra og med politiet for å få råd om kva vi skal gjere. Ei løysing kan vere at den aktuelle familiefaren blir nekta tilgang til Skien fritidspark, seier John Steinar Tufte.

Fekk ulukkesrapport

Søndag kveld var mor til 11-åringen godt nøgd med den måten dei tilsette i Skien fritidspark handterer saka på.

– Sonen vår kom heim med ein skriftleg rapport, der den ansvarlege i fritidsparken har skrive ned forklaringa hans. Gutane blei og godt tekne hand om etter episoden.

– Korleis reagerer han på det som skjedde?

– Han blei naturlegvis skremd. Han seier at han er redd for å møte mannen att. Men i dag har han det etter tilhøva bra, og eg trur ikkje han er redd for å bruke badeanlegget, seier mor til 11-åringen.

Ulykkesrapport

Guten (11) fekk denne rapporten med seg heim etter valdsepisoden.

Foto: Privat

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark