NRK Meny
Normal

Falt ut av vindu i Skien sentrum

Ei kvinne og ein mann er kjørt til sjukehus etter å ha falt eller hoppa ut av eit vindu i sentrum av Skien.

Falt ut av vindu

Ei kvinne og ein mann falt eller hoppa ut av dette vinduet i eit husvære i sentrum av Skien.

Foto: Theo Aasland Valen/Viken Media

Operasjonsleiar Ådne Røilid ved Telemark politidistrikt fortel at ein person ringte til politiet klokka 23 tysdag kveld, og fortalte at to personar låg i gata etter å ha falt ut frå eit vindu i andre etasje frå eit husvære i sentrum av Skien.

Politi og ambulanse rykka ut til staden og fann ei 20 år gamal kvinne og ein mann i 20-åra som begge var blitt skada etter fallet.

– Kvinna hevda ho hadde blitt angripen og flykta ut av vinduet. Mens mannen fortel at dei to hadde krangla og at kvinna hadde hoppa ut av vindu. Og at mannen hadde hoppa etter, seier Røilid.

Både mannen og kvinna blei kjørt til sjukehus, og har overnatta på sjukehuset i natt.

– Mannen hadde eit brot i ankelen. Og kvinna hadde risp og kutt i ansiktet, seier Røilid.

Politiet vil etterforske saka vidare. Og kvinna og mannen vil bli avhøyrt av politiet i dag.

Hoppa ut vindu i Skien

Politiet og ambulanse rykka ut til gata der dei fann ei kvinne og ein mann som var skada etter fallet frå vinduet i andre etasje.

Foto: Theo Aasland/Viken Media

  • Trafikkulukke i Bø

    Ein person er lettare skadd etter ei utforkøyring på Folkestadvegen i Bø. Fylkesveg 152 er delvis stengd på ulukkesstaden.

  • Mykje snø – liten flaumfare

    Sjølv om det er 20 prosent meir snø enn normalt rundt Tinnsjøen og Møsvatn, er det liten fare for flaum til våren. Det seier direktør i Øst-Telemarkens Brukseierforening, Nikolai Østhus. Flaumfaren aukar dersom det kjem mykje nedbør når snøen smeltar.

  • Fem vil ha rådmann-jobb

    Sæhænd Bazmi-Rasekh (28), Arve Semb Christophersen (57) og Ragnar Sundklakk (56) er tre av søkerne til stillingen som prosjektleder i den nye fylkeskommunen, senere fylkesrådmann i Vestfold og Telemark fylkeskommune. To navn er unntatt offentlighet, melder fylkeskommunen på nettsidene sine.

  • Ikkje måk deg inne

    Når folk måkar hustaka sine for snø, hamnar snøen ofte framfor vindauge og kjellardører. Dermed blir potensielle rømmingsvegar sperra om det skulle oppstå brann. Brannvesenet oppfordrar folk til å tenkje på at dei ikkje må måke seg inne.

    Mann måker tak
    Foto: Sjur Sætre / nrk