NRK Meny
Normal

Mann kritisk skadd etter fallulykke

Mannen falt rundt 18 meter ned ein skråning og vidare ned i eit juv i Lunde laurdag ettermiddag.

Laster kart, vennligst vent...

Meldinga kom inn til politiet via AMK klokka 12.54 laurdag.

Operasjonsleiar Ådne Røilid opplyser at personen falt ned i eit juv ved Bergvinveien i Lunde.

Politi, ambulanse, brannvesenet og eit Sea King-helikopter rykka ut, og det blei sat i gang ein redningsaksjon.

Mannen er henta opp og floge til Oslo universitetssjukehus Ullevål.

– Han var heile tida ved bevisstheit, men han er kritisk skadd, opplyser politiet.