Hopp til innhold

Får lære å restaurere verna bygg

Vest-Telemark får fagutdanning i restaurering av verna og verneverdige bygg.

Loft frå 1167 på Vest-Telemark museum

Vest-Telemark museum i Eidsborg har mange gamle bygningar. Denne er frå 1100-talet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Kjempemoro, seier direktør ved Vest-Telemark museum, Dag Rorgemoen.

I haust blir utdanninga i regi Fagskolen Innlandet utvida til også å omfatte fagmiljøet ved Vest-Telemark museum. Endeleg modell for gjennomføring av utdanninga er ennå ikkje klar.

Utdanninga finst nå på Røros og Gjøvik, og kjem i tillegg til Vest-Telemark. Alle desse fagmiljøa vil bestå i den nye modellen.

Treng å bli tatt vare på

Fagskolen Innlandet gjennomfører utdanninga som tidlegare, der enkelte samlingar og delar av utdanninga nå også tar utgangspunkt i fagmiljø og bygningsmasse i Telemark.

Dag Rorgemoen, Vest-Telemark museum

Dag Rorgemoen, direktør ved Vest-Telemark museum.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– I Norge er det 250 trebygg frå mellomalderen. Halvparten av alle profane, verdslege, trebygg frå mellomalderen ligg i Telemark. Her er det altså snakk om trebygg, kyrkjer er ikkje medrekna, fortel Rorgemoen.

Han meiner det er ei stor bygningsmasse som treng å bli tatt vare på, og det er ein marknad som vil auke i tida som kjem.

– Det vil bli eit veldig stort behov for dei rette folka til å ta vare på det.

For Vest-Telemark museum betyr det mykje å kunne bruke anlegget, og knytte arbeidet til museet opp mot bygging av kompetanse og utøvande handverk.

– Det er der vi vil vere, seier Rorgemoen.

Vil styrke miljøet

Ordførar i Tokke, Jarand Felland, seier at Tokke og Vest-Telemark alt har ein del tilbod om utdanning for ungdom.

– Det nye tilbodet på museet i Eidsborg vil vere med på å styrke det miljøet som alt finst i Tokke og Vest-Telemark.

Felland seier kommunen er veldig glade for å få fagutdanninga for restaurering av verna og verneverdige bygg lagt til kommunen.

– Eg vil rette ein stor takk til dei på museet og fylkeskommunen som har gjort dette mogleg.