Hopp til innhold

Fagermo: – Uaktuelt for Johnsen å spele siste kampen

Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo seier det er uaktuelt for Frode Johnsen å kome innpå i siste seriekampen mot Lillestrøm.

Dag-Eilev Fagermo

Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo seier at Frode Johnsen har vore viktig for klubben.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Nå er det endeleg avgjort. Odd-spelar Frode Johnsen legg opp som fotballspelar. Avskjeden med Johnsen blir markert 8. november under heimekampen mot Lillestrøm.

Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo seier det er uaktuelt å kome innpå i den siste kampen.

– Akilles hans er så svak at han må vere stille i eit par månader for at den skal gro, seier Fagermo.

Har vore viktig for klubben

Frode Johnsen

Frode Johnsen må sjå siste kampen frå tribunen.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Odd-trenar seier at det gjer det uaktuelt for Frode Johnsen å spele meir fotball for Odd.

– Frode har i praksis vore skada sidan mai, og i den alderen tar det lengre tid å restituere seg. Han er blitt innhenta av ein lang fotballkarriere, og den har vore fantastisk.

Fagermo seier at Frode Johnsen har vore ein viktig spelar for Odd.

– Han var viktig før han reiste frå Odd før mi tid, og har vore viktig når han kom tilbake. Han greidde jo til og med å bli toppskårar.

Kan få ei ny rolle i Odd

Odd-trenar rosar Frode Johnsen for å vere fantastisk i gruppa, og særleg med dei yngre spelarane.

– Ser du for deg at Frode Johnsen kan få ei rolle i Odd i framtida?

– Det kan han, men det er ikkje er eg som bestemmer det. Vi jobbar jo med det og om det er ein sjanse for det. Det er eit ønskje om det både frå klubben og hans si side. Og så får vi sjå om vi får finansiert det og at det blir ei rolle som båe partar kan dra nytte av.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark