NRK Meny

Færre vil bli lærar i grunnskulen

Det er færre som vil utdanne seg til grunnskulelærar, viser tal frå Samordna opptak. Størst nedgang er det ved lærarstudiet på Notodden der nedgangen i talet på søkarar er 40 prosent. Men til utdanninga for ungdomskulelærar er det to søkarar for kvar studieplass på Notodden. Også barnehagelærarstudiet i Porsgrunn og Notodden har fått fleire søkarar.

Skolebarn
Foto: Keilen, Berit / SCANPIX