NRK Meny
Normal

Færre politihundar kan svekke beredskapen

Telemark politidistrikt kuttar i talet på politihundar i fylket. Politiforbundet fryktar svekka beredskap.

Politihunden Bolla

Det blir færre politihundar i Telemark i framtida. Politiforbundet fryktar for beredskapen.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Talet på politihundar i Telemark politidistrikt skal reduserast. Før hadde Telemark 12 politihundar, men nå er talet åtte.

Ifølgje leiinga er grunnen blant anna økonomi og fleire politihundar enn storleiken på distriktet rettferdiggjer.

Fryktar for beredskapen

Stine Benjaminsen Nygård

Stine Benjaminsen Nygård i Politiets Fellesforbund.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø

Politiets Fellesforbund i Telemark er uroa for at færre politihundar vil føre til svekka beredskap.

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Telemark, Stine Benjaminsen Nygård, seier fleire medlemmer fryktar for beredskapen.

– Problemet er at dersom kuttet får konsekvensar så tar det to-tre år å utdanne nye politihundar, seier Benjaminsen Nygård.

Må planlegge langsiktig

Fagsjef for Hundetenesta i Telemark, Arnfinn Storkås, seier talet på politihundar er kutta blant anna på grunn av økonomi.

Og at god planlegging vil forhindre at beredskapen blir svekka, sjølv om talet på politihundar i fylket blir færre.

Han seier at færre hundar gjer at dei må planlegge smart framover.

– Vi må tenke langsiktig. Og vi har lyst ut internt to nye hundestillingar i politidistriktet, for å kome oss opp på det nivået vi var, seier Storkås.

  • Vann sølv i ølkonkurranse

    Lindheim ølkompani har vunne sølv i ein av verdas største ølkåringar i Belgia. Eivin Eilertsen seier til Varden at det er ei stor anerkjenning etter at ølet Coolship Plum med smak av plomme blei heidra med sølv.

  • Innbrot i bedrift i Porsgrunn

    Politiet melder om innbrot og tjuveri i ei bedrift på Vallermyrene i Porsgrunn. Politiet er på staden for å undersøke og sikre spor.

  • Er bekymra for skuletilbodet

    Fylkespolitikar i Ap, Maja Foss Five, er bekymra for tilbodet ved dei mindre skulane, dersom fritt skuleval blir gjeldande i det nye samanslåtte fylket. I dag er det ulik praksis, der Vestfold har fritt skuleval, medan Telemark ikkje har det.

    Maja Foss Five, Arbeiderpartiet
    Foto: Ragnar Lurås / NRK
  • Slår seg saman

    Kragerø Kraft as og Fredrikstad Energi Marked slår seg saman. Det skjer ved at Kragerø Energi Holding kjøper aksjar i Fredrikstad-selskapet. Direktør i Kragerø Holding, Geir Elsebutangen, seier dei erkjenner at dei er for små åleine.

    Geir Elsebutangen
    Foto: Roald Marker