Hopp til innhold

Færre elgar blir felt enn tidlegare

Det blir felt færre elgar nå enn for nokre år sidan, og stamma er på veg ned. Det er ei ynskt utvikling, seier Norges Jeger- og Fiskerforbund.

elg

PÅ VEG NED: Pila peiker nedover for elgbestanden i Noreg, etter ein topp på slutten av 90-talet.

Foto: Øystein Breines

– Elgbestanden nådde ein topp i Noreg på slutten av 90-talet. Da auka ein kvotane og tok ut fleire av produksjonsdyra.

Håvard Skjerstad Andersen

AKTIV REGULERING: Håvard Skjerstad Andersen i Norges Jeger- og Fiskerforbund seier at det ikkje er bra for ein bestand å bli for stor.

Foto: NJFF

Det seier Håvard Skjerstad Andersen i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF). Han fortel at elgen er det hjorteviltet vi skaut mest av for nokre år sidan. Men nå har hjorten teke over fyrsteplassen på jaktstatistikken.

– Det har vorte meir hjort i Noreg, og mindre elg. Og noko av det er ein villa situasjon.

På eit tidspunkt blir ein elgbestand for stor.

Håvard Skjerstad Andersen
Felling av elg, hjort og villrein

TOPPEN ER PASSERT: Figuren viser talet på felling av elg, hjort og rein. Den grøne streken gjeld elg. Etter andre verdskrig begynte elgstamma, og også jaktutbytet, å auke. I 1970-åra skaut veksten i elgstamma fart, og nådde ein topp på slutten av 90-talet. Dei siste åra har ein redusert bestanden.

Foto: Statistisk sentralbyrå

Svolt og sjukdom

Det er ikkje bra om ein dyrebestand blir for stor. I nokre delar av landet har ein hatt problem med beiteskadar på skog, sidan ungfuru er god mat for elgen om vinteren. Andre stader har ein opplevd mange viltpåkøyrslar. Men hovudproblema er sjukdom og kamp om matfatet.

– På eitt eller anna tidspunkt, om ein bestand ikkje blir regulert, så vil sjukdom og svolt gjera jobben, seier Andersen.

– Finst det andre grunnar til at elgbestanden går ned?

– Det gjer det sikkert, men det kan eg berre spekulere i. Det er varmare vêr, mildare vintrar og endringar i skogbruket som gjer at plantefelta endrar seg. Det vil vera mange forklaringar som varierer lokalt.

Å regulere ei dyrestamme gjeld både dyrevelferd og forvalting av ressursar.

Håvard Skjerstad Andersen

Frå 250 til 10 kvotar

Løvenskiold-Fossum er ei bedrift som ligg nord for Skien i Telemark, og som forvaltar rundt 330 000 dekar skogeigedom. Dei har merka nedgangen i elgstamma godt dei siste åra. Dagleg leiar Leopold Løvenskiold fortel at elgane har blitt både færre og magrare.

Leopold Løvenskiold

SKYT FÅ ELGAR I ÅR: Leopold Løvenskiold i Løvenskiold-Fossum seier at dei berre skal skyte ti vaksne dyr i år for å stabilisere stamma.

Foto: Geir Åge Jensen / NRK

– Elgane har blitt mindre i vekt, så det er ein indikasjon på at det ikkje står så godt til med stamma.

Løvenskiold-Fossum sel elgkjøt, og magrare elgar gjev òg magrare inntekter.

– Det har blitt færre kilo å selja for oss. Men vi lever òg av å leige ut elgjakt, og vi er nede i berre eit par kundar i år.

Løvenskiold fortel at på midten av nittitalet vart det skote rundt 250 dyr på eigedomen deira, medan i år skyt dei berre ti vaksne dyr.

– Vi forsøker å finne ein fornuftig balanse mellom planting av skog og forvaltinga av elgstamma. Det vi ser nå er at vi nok har skote litt for mange dyr, så planen er å byggje opp att stamma til eit fornuftig nivå.

Fleire jegerar

Løvenskiold seier at interessa for jakt held seg stabil sjølv om det blir delt ut færre kvotar. Dette kan Håvard Skjerstad Andersen i NJFF stadfeste.

– Det står ein halv million jegerar i jegerregisteret, og mellom 150 000 og 200 000 løyser inn jegeravgift kvart år. Fordelinga mellom småviltjegerar og storviltjegerar er òg ganske konstant.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark