NRK Meny
Normal

Etterlyser konfirmantar frå etterkrigstida

SKIEN (NRK): Telemark Museum etterlyser konfirmantar som brevveksla med tyske konfirmantar etter krigen.

Telemark Museum etterlyser konfirmantar som brevveksla med tyske konfirmantar

Direktør ved Telemark Museum, Jorunn Sem Fure, les frå brev som tyske konfirmantar sende til konfirmantar i Skien i 1948.

Før jul i 1948 skreiv tyske konfirmantar brev til norske konfirmantar i Skien. Om lag 20 av desse breva er nå tatt vare på i arkiva til Telemark Museum.

Hensikta var truleg å bygge eit vennskapsband mellom ungdomar som skulle vekse opp i ruinane etter 2. verdskrig, og mellom nasjonar som hadde vore i krig.

Prost Henrik Seip i Skien

Jorunn Sem Fure, direktør ved Telemark Museum, fortel at breva blei funne i arkiva til museet.

Konfirmantbrev frå tysk ungdom
Foto: Telemark Museum

– Det er konfirmantar i nærleiken av Oldenburg som skriv breva. Dei har det til felles at dei kjem frå familiar som blei flytta vestover inn i Tyskland, eller flykta då den sovjetiske armeen kom vinteren 1945.

Brevvekslinga med tyske konfirmantar blei truleg organisert av prost i Skien Henrik Seip, saman med ein tysk kollega.

– Eg trur det oppstod eit vennskap mellom konfirmantprestane til desse barna, og at dei har sett i gang brevvekslinga mellom konfirmantane for å skape forsoning og kontakt. Det var jo mange som var opptatt av det etter krigen.

Måtte flykte vinteren 1945

Eit av breva er frå jula 1948 er nydeleg pynta med juleborder og barnsleg handskrift. Gisela, som truleg er født i 1934, fortel om korleis dei i 20 graders kulde måtte flykte mens soldatane skaut etter dei.

Då Gisela skriv brevet er det tredje jula som dei feirar i ein stall i utkanten av byen Oldenburg.

– Mange av desse barna har mista fedrane sine i krigen. Og nokon har ikkje foreldre. Dette er barn som har opplevd forferdelege ting, men som likevel har håp for framtida.

Her kan du høyre radioinnslag:

Kontakt med norske konfirmantar

Jorunn Sem Fure undrar på om det er nokon som kan hugse denne brevvekslinga, og som kanskje veit korleis det gjekk med dei tyske ungdomane.

– Vi har ikkje dei norske breva. Kanskje dei ligg i eit arkiv i Oldenburg. Men det var konfirmantar som gjekk for prost Henrik Seip i Skien i 1948 som kan hugse denne brevvekslinga.

Brev frå tyskekonfirmantar i 1948

Bunken med brev frå tyske konfirmantar er i arkivet til Telemark Museum.

Foto: Ragnar Lurås / NRK