Hopp til innhold

Etterlyst 8 åring kom heim til slutt

Politiet sendte ut etterlysing etter ein 8 år gamal gut i Porsgrunn, men så kom han heim.

Vestsiden skole

Den 8 år gamle guten skal ikkje ha kome heim frå SFO på Vestsiden barneskole i Porsgrunn.

Det er sendt ut etterlysing etter ein gut med lyst hår som er mørkt kledd og har på seg ei mørk joggebukse og skolesekk.

– Det er foreldra som har tatt kontakt med politiet fordi guten ikkje har kome heim etter SFO, seier operasjonsleiar Terje Pedersen.

Han ber folk som ser ein gut som kan passe til opplysningane om å ta kontakt med politiet.

– Vi kjem også til å sende ei politipatrulje for å sjå etter guten, seier Pedersen.

Laster Twitter-innhold