NRK Meny

Etterforskar om brannen er påsett

Politiet veit førebels lite om årsaka til at det starta å brenne ved det planlagde asylmottaket på Storåslid i Tokke. Politiadvokat Guro Siljan ved politiet i Telemark seier at politiet har fleire hypoteser, blant anna at brannen er påsett. Det blir no gjennomført branntekniske undersøkingar på staden. Delar av bygningen blei øydelagt i brannen sundag morgon.