SE OGSÅ: |
ALT OM: |
I samband med at staten overtok sjukehusa fekk fylka ein pengesum som skulle brukast til å betale ned gjeld.
Telemark ønskjer å bruke deler av pengane til drift, men no seier statsråden nei.
Kommunalminister Erna Solberg.
Samstundes kritiserer kommunalminister Erna Solberg fylkestinget i Telemark for prøve å gjennomføre ei ordning som i følgje Solberg er i strid med lova.
- Fylkestinget i Telemark kastar bort både tid og pengar når dei ber om lov til å få bruke pengane til drift, seier Erna Solberg til NRK-Telemark.
Må kutte i juni
Avgjerdsla til statsråden tyder at fylkestinget i juni må kutte budsjettet med 40 millionar kroner.
- Dette vil mellom anna råke kulturbudsjettet, seier fylkesordførar Andreas Kjær.